søndag 31. oktober 2010

Hotellet i cox's bazar

Eg trur vi alle vart overraska over standarden på hotellet når vi kom til cox's bazar, det vart i værtfall eg (Inger-Marlen). Eg var forberedt på mykje verre standard. På det hotellet vi bor på no, har vi to flotte soverom, eitt med to enkelt senger og eitt med ei stor dobbeltseng, to bad, kjøkken, ei stor stue, og heile tre verandaer (godt å ha når man skal tørke kle).

På rommet vårt bestemte vi oss ganske fort for å bruke det eine badet til dusj, og det andre til toalett, ganske enkelt fordi toalettet på det eine badet er berre eit hull i gulvet.

Resepsjonen på hotellet er berre eitt lite rom i ei stor garasje, av og til er der folk å andre gonga ikkje. Men folka på hotellet er kjempe hyggelige da. Kvar morgen rundt klokka 9-10 kjem dei å vaska og rydda rommet, det er ei kjempe søt dame som vaskar, og ein gut som er med å ser på. Det fyrste dei gjer då, er å skru på tv'en på full guffe, og guten står å syng medan dama går å vaska. Dei kjem også å spraya rommet med insektspray kvar kveld (den lukta ikkje så godt).

Dei er ganske masete på at vi skal låse døra til ei kvar tid også. Vi må følge dei til døra og låse den rett etter at dei har gått, visst ikkje blir dei sure. Forstår ikkje kvifor.. Dei vil vell bere passe på oss :)

Bilder av hotellet har eg ikkje tatt enda, og det tek kjempe lang tid å laste opp, men skal prøve å få gjort det en av dei nermaste dagane :)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar